Torpedo-Batterie Angelshaug
Posted: 13 Oct 2007 0:35
EDIT: Har fjerna direktelink på bilda og lasta dei opp til forumet. Då eg posta dette innlegget i 2007 var det ein periode med problem med bildeopplasting på forumet, så dei vart lagt på ein ekstern tjeneste som i dag er ganske ustabil så det er ikkje alltid bilda lastar inn. Bilda er dei samme.
Stridsklart mai 1940. To norske 45cm torpedorør, 1 norsk sMG, underlagt MAA 504 (frå K. R. Berge "Fronten er kysten").
Dette var eit av dei første tyske anlegga som vart bygd i Sogn og Fjordane fylke (samtidig vart også tilsvarande torpedobatteri i Rutledal på sørsida av Sognefjorden bygd). Batteriet ligg nokre kilometer lenger inne i Nordfjorden frå HKB 3/981 Vemelsvik. Rett over fjorden for torpedobatteriet låg MKB 9/504 Nordfjord (Rugsundøy).
Ved vegen står ei brakke som framleis er i bruk i dag, samt ein liten bunker (ukjent funksjon). Ei lang støypt trapp (99 trinn) fører ned til batteriet.
Batteriet vart ein del av det norske kystforsvaret etter krigen saman med fortet på Rugsundøy. Begge vart nedlagt nokre år etterpå.