Informasjon til stort kunstprosjekt om krigsaktivitet

Trondheim var hovedstøttepunkt for marinen med en rekke viktige hovedkvarterer for nord-atlanteren. 200 lette og tyngre flak stillinger skulle bl.a forsvare havnen og flyplassen.

Moderators: Stutzpunkt, KOS

Post Reply
Linnchilla
Posts: 3
Joined: 08 Feb 2024 15:22

Mitt namn er Linn Heidi Stokkedal og eg skriv på vegne av billedkunstnar Toril Johannessen. Me har eit spørsmål om lokale stadsnamn i forbindelse med eit kunstprosjekt. Prosjektet har arbeidstittelen “Stedsnavn på folkemunne” og skal bli til ein serie bilete i form av kart.

Innfallsvinkelen til prosjektet er møtepunkter mellom militær nærvær og sivilsamfunn. Til kartene Toril lager samler me inn stadsnamn på folkemunne i Noreg for stader og anlegg med tilknytning til militær aktivitet frå andre verdenskrig og fram til i dag, for å undersøke spor i daglegspråket av eit slikt nærvær.

Til dømes, stader som den lile toppen Valaksla på Stø i Øksnes som på folkemunne ofte kalles “NATO-fjellet” fordi det står ein kystradar der; “Natogarasjen” i Berlevåg, eller “Kaninstasjonen” i Vadsø. Andre dømer er "Fangeleiren", “Radiohula”, “Peilaren” og “Blodvegen” som er uoffisielle stadsnamn i lokal bruk som har sitt opphav fra 2.verdenskrig.

Dette prosjektet er ein vidareføring av verket frå Nord-Noreg som var laga på oppdrag for KORO (Kunst i offentlig rom) for Evenes flystasjon, Forsvarsbygg, og henger inne på militært område.

Kjenner dykk til slike stadsnamn på folkemunne i din region - eller andre stader - som dykk vil dele med oss? Me ynskje særskilt namn frå heile Trøndelag.

Vil dykk ha meir informasjon om prosjektet så vil me gjerne fortelje meir om dette.

Vonar å høyre frå dykk!

Med venleg helsing
Linn Heidi Stokkedal
Post Reply

Return to “Trondheim”