Melland fort er eit tysk kystfort frå 2. verdskrig, bygd i 1944.
Fortet var ein del av Festung Norwegen, og er lokalisert ved Melland/Finnset (Aure) i Aure kommune.
Anlegget vart bygd med bakgrunn i fleire attentat mot små, isolerte fort (m.a. i Måløy).
Målet var å halda oppsyn med Trondheimsleia.
Det tyske namnet på fortet var Stützpunkt Melland (Støttepunkt Melland).
Støttepunktet bestod av jernbane frå Drageidet til til festningsanlegget (ca. 6 km),
8 kanonstillingar fordelt på to batteri (med tilhøyrande bunkerar i stein),
fleire luftvernstillingar og ein del hus (m.a. lasarett og soldatheim).
Anlegget vart bygd i skogs-og myrterreng.
---Etter krigen vart batteria fjerna, men det er framleis mange synlege spor i terrenget etter kanonstillingar, jernbane m.m.
I dag er fortet mykje bruka som friluftsområde. Det har vore arrangert fleire dugnader ved fortet.
Resultatet av dette er m.a. veg for rullestolbrukarar, rasteplass og museum.
http://lokalhistoriewiki.no/index.php/M ... rts_Venner
---Melland Forts Venner er ei forening som arbeider med å utvikla
og ta vare på krigsminnet Melland fort.
Foreninga vart stifta i 2007.
Foreninga har arrangert fleire dugnadar ved fortet.
Mellom anna har det vorte bygd veg for rullestolbrukarar,
og laga grill- og rasteplassar.
Ein av bunkarane på anlegget har vorte sett i stand til museum.
http://www.melland-fort.no/