Var stridsklart august 1942 i Vemelsvik, etter først å ha vore i mellombels stilling på Kulen i Måløy. Batteriet var ei erstatning for batteriet på Måløyna som vart nedkjempa under Måløyraidet.
To av kanonene (1 og 2) vart ombygd med sokkellavet og stillingane vart modifiserte til dette. Kanon 3 og 4 hadde framleis hjullavett når krigen var slutt. Kanonene stod i stillingane sine fram til 1982 då dei to sokkellavett-kanonene vart henta opp til Hegra Festning for å bli ein (ikkje heilt vellykka historisk og autentisk sett) turistattraksjon. Med i dragsuget gjekk også dei fire tilsvarande kanonene i Blålid (HKB 6/981) litt lenger nord-vest i innseglinga til Måløy.
Fjellanlegget var under arbeid men ikkje ferdigstillt. Ei sjakt oppover i fjellet var sprengt ut og det var påbegynt arbeid på ein ny KO-bunker, truleg ein variant av R636 av den typen som er bygd og tilknytta fjellanlegg andre stader i fylket. Fundamentet til denne var støpt over sjakta og kan sjåast innanfrå fjellanlegget. Det er også muleg at det er støpt eit rom i toppen av sjakta (som skulle være under KO). Det kan sjå slik ut innanfrå men på utsida er området altfor overgrodd og tildekka med pukkstein at dette kan bekreftast. Det er iallefall ikkje mulig å finne betong over sjakta på utsida sjølv om ein klart ser både ein betongsokkel og eit trapperom i toppen av sjakta frå innsida.
I vest-enden av fjellanlegget er det ein utgang ut til ein stor utsprengt open plass mot sjøen, og i eit intervju i boka til K. R. Berge sa ein av grunneigarane at han hadde blitt fortalt av ein tysk underoffiser at det skulle monterast ein torpedo-kanon her. (For meg virkar dette ganske ulogisk då fjorden i denne retninga er svært brei og ei torpedoplattform her ville peika omtrent rett mot baugen på innkommande skip. Dessutan var Torpedo-Batterie Angelshaug forlagt berre nokre kilometer lenger inne.)
På eit nes nord-vest for batteriet er det bygd ein kasematt for KWK.
I dag er batteriet SVÆRT overgrodd og naturen er på god veg til å ta tilbake mykje av området. Tidlegare (no avdød) grunneigar har forsøkt å støype og dekke til delar av stillingane, bl.a. stilling for kanon 1 er nesten heilt øydelagd. Dekningsromma til stillingane er i svært bra stand, nesten heilt tørre inni.
Ein av to stillingar for 2cm Flak 38

Stilling til kanon 4, K331(f) på hjullavett

Stilling til kanon 3, K331(f) på hjullavett

Mannskapsbunker mellom stilling 3 og 4

Mannskapsbunker inni

Nedgang til dekningsrom ved stilling 4.

Dekningsrom stilling 2

En av to inngangar til fjellanlegget

Sjakta opp til den påbegynte nye KO.

Utsprengt plass til ny KO oppå fjellanlegget. Ikkje spor av betong, kun pukk og busker og kratt

Ytterste delen av fjellanlegget, ca 15 meter ut til open plass der det angivelig skulle byggast plattform for torpedokanon

Oppmurt utgang (tunell på bildet over)

Inngang til lite tunellinnslag

KWK stilling på lite nes sør for batteriet

Samme

Kasematt for KWK på nes nord-vest for batteriet (tatt med digital zoom, derav dårlig bildekvalitet... det var eit langt stykke å gå i tungt regn og sterk kuling så det vart kun eit avstandsbilde...)

Tett skog før ein kjem fram til Stilling 3 og 4 for K331(f)
