Page 1 of 1

Beltevogn

Posted: 01 Nov 2007 21:24
by Knut Ø.
Lurer på om nokon kan hjelpe meg å identifisere desse restane av eit beltekøyretøy. Bildet er tatt for ca 10 år sidan på ei utkøyrsle ved vegen mellom Nordfjordeid og Måløy. Restane av køyretøyet er borte i dag, det vart bygd ei svær utkøyrsle/rasteplass akkurat der og eg reknar med desse restane vart vippa på sjøen. Anar ingenting om opprinnelsen av dette, heller ikkje om det i heile tatt er militært. Dette er heller ikkje akkurat i umiddelbar nærhet av noko kystfort.

Re: Beltevogn

Posted: 01 Nov 2007 22:16
by Arquebus
Knut Ø. wrote:Lurer på om nokon kan hjelpe meg å identifisere desse restane av eit beltekøyretøy.
Dette er rester av en tysk RSO, et lett beltekjøretøy for transport og trekking av artilleri utviklet for Østfronten.

Posted: 01 Nov 2007 23:38
by Knut Ø.
Takk for svar. No er spørsmålet; kva gjorde den akkurat der? Var det slike i Nordfjord under krigen, eller har vegvesenet eller andre nyttiggjort seg denne i etterkrigstida?