Starten:
Ein mai dag 1940 kom dei fyrste tyskarane til Flygansvær på motorsykkel. Ikkje lenge etter kom eit tysk marinefarty med offiserar frå Tyskland sin hær. Etter kvart skjønte folk kva som var i gjære, nemleg å gjera Flygansvær om til ein festning. Tyskarane tok Noreg pga. eventuelt ein engelsk invasjon og frå Flygansvær hadde ein god utsikt til sjøs, som engelskmenna var så gode på. Austevoll i Nordvest og Fitjar, Stord og Bømlo i Sydvest. I tillegg kunne ein sjå heilt til havs der i frå. Dette var starten på ein vond periode for folket i Flygansvær.
Endringar:
Med kanskje opp til 150 mann på det meste, var ikkje tyskarane nådelause då dei skulle finna husly. Alle heimar i Flygansvær måtte delast med tyskarane. Halve huset til dei fastbuande, og halve huset til soldatane. Også det gamle skulehuset i Flygansvær og bedehuset på Sør-Reksteren blei raskt tatt i bruk. Det var ikkje berre folk frå den ariske rasen som jobba der. Både tysnesingar, bergensarar og andre sunnhordalendingar kom for å gjera ferdig brakkar, bunkers, kanonstillingar, skyttargraver og liknande. Ein trekk likevel fram ytringsfridomen som den største endringa. Det at ein ikkje kunne seia kva ein ville, merka ein godt.
Våpen og soldatar:
Tyskarane hadde fire feltkanoner, som var nokså umoderne. I tillegg hadde dei to nærforsvarskanonar og tre luftvernkanonar som var moderne for si tid. Sist nemnte blei henta av den Norske marinen etter krigen. Nokre av kanonane trong heile 10 mann. Utanom kanoner hadde tyskarane maskingevær, handvåpen og flammekastar.
Hitler hadde som sagt kanskje opptil heile 150 mann på det meste på Flygansvær, sjølv om det til vanleg var rundt ein 30 stk der. Det store talet bestod for det meste av unge soldatar heilt ned i 15-16års alderen, som seinare blei sendt til ”slakteriet” (Austfronten mot Russland)
Fortet:
Fortet på Flygansvær var ikkje tilfeldig plassert. Ein har god utsikt til det som skjedde både i nordaust på Austevoll, delvis ut til havet, og ikkje minst Langenuen. Det som er viktig å huske på er at på den tida fanst det ikkje ei einaste furu der. Med kanoner som skaut opptil 10-11 mil, var motstandarane sterkt utsett. Tyskarane var og gode til å skjula bygningane under jorda. Og ikkje så langt over desse luftvernstillingane var utsiktposten. Der vart det sprengt ein bunkers inn i fjellet. Inne i han er det derimot stor plass, og frå utsiktsposten har ein panorama utsikt.
Rundt heile sjøkanten var det lagt minefelt, og sett opp piggtrådsperringar. Også mykje av marka var minelagt. Det var ein gong ei hending med desse minene. Ein dag kunne ikkje schæferen til tyskarane motstå freistinga, og sprang etter ei anna bikkje. Begge gjekk i lufta. Ein annan dag, då krigsdagane var slutt, måtte tyskarane plukke opp minene etter seg, medan engelskmenna stod vakt. Ein tysk soldat miste då eine foten då ei mine gjekk av.
Forteljingar av Per:
Tyskarane var ein smule overnervøse. Ein gong då nokre sauebjølle hadde ringt, trudde dei det var alarm. Ein blir fortalde og om eit fly som hadde komen over Stordafjellet i retning nord. Luftvernkanonene på Osterneset opna eld, og trefte flyet fleire gongar, som allereie var skada frå før av. Morgonen etter fann dei to norske soldatar på Nord-Reksteren. Og har ein blitt fortald rett, tok tyskarane klokkene frå lika.
Per har ei kjensle om at noko vondt har hendt i Flygansvær. Ein gong bror til Per skulle heim att til Flygansvær, kom han til porten der tyskarane stod vaktar ved ein port. Då såg han to offiserar som kom med ein bunden soldat. Onkel til Per var kaptein på ein båt, og nokre dagar seinare, kom tyskarane ei natt med noko under ein pressening, som skulle til Bergen med ein gong. Om det var eit like eller ikkje, er ikkje Per sikker på, men det var i alle fall svært mistenksamt.
Litt mimring:
Per synst at krigen føregjekk veldig flott i Flygansvær. Han seier at dei aldri følte seg skremde då dei gjekk til skulen, endå så mykje tøys og fanteri dei, ungane, fann på. Øvste kommanderande på Flygansvær var nemleg ein gamal skulehaldar frå München som var totalt anti-Hitler. Han seier gong på gong at dei tyske soldatane var trass alt menneske dei og, og ikkje kunne noko for at ein gal mann hadde sendt dei hit. Dei som derimot var verst, var dei norske nazistane.
På spørsmål om kva som verka sterkast på Per frå krigen, blei han stille ei god stund, før han med tårer i auga, sa at det var då dei måtte flytte frå sin eigen heim i -42. Då flytta dei til ein onkel i Smievoll. Etter det budde ikkje Per i Flygansvær før ei god tid etter krigen. Det er difor mykje han ikkje fekk oppleva, og det står framleis mange spørsmål at, blant anna: kva hendte eigentleg i Flygansvær.
bilder kommer snart
